Vekas bilde 47/13 Andre vegen..

November 24, 2013  •  Leave a Comment

Sidan Vidar hadde bilder frå Gullingen (sånn ca i allefall) til Stavastøldalen sist veke, får eg svare han med eit par bilder tatt andre vegen. Det er litt meir snø på mine, men de toler vel det :)

Vinterkveldsol på GullingenVintersol på Gullingen

Eg var som vanleg seint ute og måtte spurte opp den siste bakken mot Stavastølen for å ta igjen sola. Heldigvis slapp eg å rusle (..) så veldig langt før første motivet synte seg. Sola på veg ned gav Gullingen ein flott glød, og jammen var det nokon som tok sin første skitur for sesongen akkurat då. Canon 5DmkIII med Canon 24-105mm ved 47mm. 1/100 sek, f10, ISO200. Stativ om eg minnes rett.Gullingen frå UranutenGullingen frå Uranuten

Etter dette kom eg meg litt lenger opp i heia, og fann fleire flotte motiv før eg kom meg opp på Uranuten. Då var det allereie blitt nokså mørkt, men likevel var lyset framleis flott. Canon 5DmkIII med Canon 24mm f1,4L II. 30 sek, f5,6, ISO200. Definitivt stativ..


Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December