Vekas bilde 50/13 Prestaåsen

December 15, 2013  •  Leave a Comment

Prestaåsen og Sand frå StegåsenPrestaåsen i vinterdrakt Sist laurdag tilbrakte eg ettermiddagen på toppane på Stegåsen. Eg fann kjapt ein stad med god utsikt over Stegåsen, Sand og utover fjorden. Dette første bildet blei tatt like etter at eg kom opp.

SolnedgangSolnedgang over Prestaåsen Eg fekk fyrt opp eit bål og då skulle det jo sankast ved. Til spettanes store fortviling la eg ned fleire mindre tørrfuruer. Det fekk tida til å gå og til slutt var det solnedgangen sin tur. Den vart ikkje legendarisk, og plasseringa til fotografen var vel heller ikkje heilt heldig..

Prestaåsen i blåtimenPrestaåsen i blåtimen Etter solnedgangen kom blåtimen. Denne dagen var det etter mi meining den som kledde motivet best. Bålet kom meir til sin rett og fotografen valde ein lågare, meir diskre plassering. Så ein kan vel seie at tida det tok å ta dette bildet var 5 sekunder + 3 timar og 45 minutter med venting på lyset.


Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December