På Gullingen leirskule blir det fotografert mykje. Kvar veke blir avslutta med eit ferskt bildeshow. Då er det stor stemning i samlingsrommet. I bildespelet her viser eg nokre av bilda personalet har festa på bildebrikka gjennom hausten. Alt er ikkje teknisk perfekt, men bilda viser noko av det viktigaste på leirskulen: Oppleving og naturglede.
Teknisk: Bildespelet er laga som flash med ProShow Gold. Bilda er stort sett tatt med Olympus og Canon kompaktkamaraer.
Hadde nokre flotte dagar på Hardangervidda i august. Turen starta i Valldalen og slutta i Kinsarvik 5 dagar seinare. Det blei topptur til Hårteigen, fin fisk, fundering over kulturminne og trivleg gjensyn med fjellfloraen.
Bildeshow: VRAK - ein bildeserie frå kulturlandskapet
Skrevet av Jarle Lunde
mandag 12. mai 2008 01:00
Her er mitt første multishow på SuldalFoto.no: Ein bildeserie frå det elles så flotte kulturlandskapet i Suldal.
Lengd: 1. min. og 54 sekund. Musikk: Kevin MacLeod
Det er to måtar å sjå showet: 1. Last ned for "Presenter". Dette er eit streamingformat med meget høg kvalitet, men krev ein liten plugin på datamaskinen din (last ned plugin). 2. Last ned med drivar. Her er drivar av multishowet innarbeida i showfila. Det tek difor litt lengre tid å lasta ned lysbildeframvisninga.