SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Historie
Gravrøyser
Historie
Skrevet av Jarle Lunde   
lørdag 20. juni 2009 10:57

Gravrøyser på Ritland, Suldal


Var innom gravrøysene på Ritland i Suldal ein tidleg morgon. Her ser du nokre av bilda som blei til.

 

Jernaldergravfeltet (300-1050 e.rk.) er med sine 40-50 gravhauger det største i Rogaland. Gravhaugane ligg på ei fin sletta ned mot Suldalslågen. I følgje kommunen sin kulturminneplan er det gjort funn av knivblad, klingnaglar frå ein båt, jernsager, perler, snellehjul, leirkar og anna i dei haugane som er undersøkte.


Gravrøyser på Ritland, Suldal

 

Gravrøyser på Ritland, Suldal

 

 

0 Comments

Sjøorm i Suldalsvatnet
Historie
Skrevet av Jarle Lunde   
torsdag 04. desember 2008 01:00

DSC_0597-Edit-2-Edit_edited-2.jpgDet var ein gong eg rodde frå Hamrabø og utover. Det vart kveld og noko mørkt. Eg var åleine i båten og hadde eit par tylfter med bord i bakskoten. Dei stakk ut over esinga og gav skugge frå seg nedi vatnet. Veret var fint, vatnet låg stilt og mørkt med skuggen av fjella på båe sider.

Best som eg rodde skaut det opp eit stort, svart hovud om lag 50 alner utanfor båten min. Eg lest som eg ikkje merka noko, berre rodde som før. Men det svarte utysket sumde fortare enn eg rodde. Det stod som ein kvit foss om brystet på det. Eg var nokså langrt ute på vatnet. Kva skulde eg gjera?

Best det var dukka dyret, men berre for ein augneblink. Så kom det opp att, og no tett ved sida av båten. Eit stort, svart uhyggeleg fælt hovud hadde det, med gloande auge som det vrengde stygt. Kor lang han var kan eg ikkje seia, for det var som sagt litt mørkt. Ei stund tenkte eg på å ta ein båtshake og stikka i hovudet på karen. Men eg betenkte meg. Det kunne bli farleg, og eg var åleine. Han kunde ta både meg og båten, styggen. No ja. Det gjekk godt. Beistet forsvann etter kvart då eg kom nærare land. Eg trur nærast at han ikkje var ute på noko vondt. Han ville vel berre sjå på dei lyse bordendane som stakk ut av bakskoten.



Du har vel skjønt det, men eg seier det likevel: Teksten over er henta frå sagnet "Sjøorm i Suldalsvatvatnet". Bildet derimot, det er det eg som har teke. Og det var og ei oppleving.....

Heile teksten til sagnet finn du her http://utgard.hsh.no/segner/Detalj.php?ID=1022
Meir om segner i distriktet: http://utgard.hsh.no/segner/

 

0 Comments

Suldalsdampen
Historie
Skrevet av Jarle Lunde   
søndag 26. oktober 2008 00:00

_dsc6622_3_4_5_tonemapped.jpg
Turistsesongen er over og Suldalsdampen ligg nå i vinteropplagg ved Våge. På ein av mine fototurar la eg i haust ein fotostopp ved båten. Dette bilde blei det beste.
Tekniske data: Nikon D200, 10-20mm, f/13, 5 eksp. 1,8 sek – 1/8 sek, ISO 100, stativ.


På nettsida norway.com kan ein lesa: D/S Suldal vart sett i drift i 1885 og gjekk i rute på vatnet i nærmare 100 år før båten vart overflødig. "Suldalsdampen" vart bygd om og endra fleire gonger. I 1953 vart dampmotoren skifta ut med ein semidieselmotor. Dampskipruta opna for turistferdsle gjennom Suldalsdalføret, og Suldalsosen vart eit knutepunkt på den kjende turistruta frå Sand, gjennom Suldal og Bratlandsdalen, over Røldal og til Odda. For turistane var Suldalsporten eit høgdepunkt. Suldalsporten er ei innsnevring av vatnet, der to massive fjellformasjonar står mot kvarandre.

 

0 Comments

Skutesteinen, unikt kulturminne
Historie
Skrevet av Jarle Lunde   
onsdag 20. august 2008 01:00

_dsc4805.jpg

Eg var nyleg ved Skutesteinen. Det var ei stor oppleving. 

Under overhenget på steinen, skuten, er det bygd ein mur, eit bogastille. Her venta bogeskyttaren på reinsdyr. Det som gjer Skutesteinen så unik er ei rekkje riss frå veidemannen: Runer, teikn og symbol. Mange av ristningane viser motiv frå fangstkultur, bl a reinsdyret på bildet.

20-30 meter opp frå Skutesteinen ligg Storhedder  (Storheller), overnattingsstaden for veidemannen.

Skutesteinen og Storhedder ligg aust for Storheddervatnet, 1100 moh. Det går sti frå turisthytta Sloaros. Frå Suldal er det ein dagstur til området frå Sandvatnet. Det er ei informasjonstavle på staden.
_dsc4819.jpg

 

0 Comments