|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
onsdag 27. januar 2010 20:24 |
|
Etter ein litt vel stor backup av nettstaden (må jo ta backup når me skal oppdatere..) , klarte eg å tømme lagringsplassen. Difor har Suldalfoto oppført seg litt uforklarlig dei siste 2 dagane. Beklager det. No har eg sletta backupen så alt skal vere vel igjen.
De som har sendt mail til oss dei siste 2 dagane har sikkert fått dei i retur. Men no er det altså retta på. Takk for merksemda. No går eg tilbake til det mørke hjørnet mitt..
 |
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
tirsdag 24. november 2009 19:32 |
|
Måndag 7. desember klokka 19.00 har Sauda fotoklubb ope møte på kulturhuset på Sand! På møtet vil Vidar Lunde halde eit lite foredrag om hjort og hjortefotografering. Det blir kaffe og fotodrøs. Og til slutt ser me på bilda som møtedeltakarane har tatt med seg (minnepenn, cd, papir...).
Velkommen til alle.

|
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
tirsdag 11. august 2009 09:00 |
|
Fleire finn vegen til SuldalFoto. I løpet av juli 2008 var det 744 besøk på nettsida. Same månad i år var besøket auka til 2339. Statistikken viser at tendensen er positiv.
Dei fleste som opnar nettsida kjem direkte, dvs gjennom egne favorittar, lenke i e-post eller gjennom å skrive url i adressefeltet. Mange kjem og via søk, dei fleste frå Google og Bing.
Dei som kjem via lenker på andre nettstader utgjer omlag 10 prosent. Denne prosentsatsen er aukande då fleire legg oss til på sine nettstader, både lokalt og i naturfotobloggar landet over.
I vår eiga bloggliste (feeds) til høgre viser dei 10 siste artiklane frå eit utval fotobloggar. Og stadig vurderer me nye. Desse er i vårt utval i dag:
|
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
tirsdag 30. juni 2009 10:19 |
|

Me valte Joomla som publiseringsløysing då me lanserte SuldalFoto.no i januar 2008. For å få ei einsidig nettside inkluderte me bloggen i løysinga, ikkje i eit eiga bloggprogram som er meir vanleg.
Fleire har spurd kvifor det ikkje har vore mogleg å gi kommentarar. For det første har ikkje Joomla denne muligheita inkludert i sin ”grunnpakke”, berre som tilleggskomponent. For det andre såg me vel ikkje heilt behovet for dette då me lanserte nettsida.
Men no opnar me for dette. Kommentarfeltet blei lagt til for nokre dagar sidan.
Legg til eit bilde eg tok for nokre dagar sidan. ”Jarle i solnedgang” er kanskje ikkje som ”Elg i solnedgang”, ELLER…….. |
|
Oppdatering av Suldalfoto.no |
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
onsdag 14. januar 2009 21:12 |
|
Eg har oppdatert systemet bak sidene i dag. Difor vil det vere fint om alle som plar å vere innom i ny og ne klikkar seg litt rundt for å leite etter feil. Det ser ut som alt har gått bra men eg er langt frå sikker. Fint om de kan gje tilbakemelding på mail (
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
) om de finn noko gale. Eg har berre Firefox og IE7 sjølv, så eg er særs interessert i tilbakemeldingar frå brukarar med andre nettlesarar.
Som takk for hjelpa skal de sjølvsagt få eit bilde med på vegen...

Teknisk: Olympus E-3, Olympus 40-150 ved 40mm, 1/10 sek, f11, ISO100, stativ
|
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
lørdag 01. november 2008 12:37 |
|

Fleire og fleire oppdagar SuldalFoto.no. Som du ser av figuren var det i oktober 1200 besøk, ein solid oppgang siste månad. Rekorden på eit døgn er 68 treff.
Bilde: Morgonfrost ved Mosvatnet. Teknisk: Nikon D200, 18-200mm ved 18mm, f13, 4 eksp. 1/25-1/500 sek., ISO 100, stativ.
|
|
SuldalFoto.no
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
mandag 29. september 2008 21:43 |
|

Me har gjort nokre endringar på nettsida. Viktigast er at våre tre bloggar nå blir slått saman til ein. For å halde oversikt vil me katalogisere artiklane. Det vil og vere mogleg å abonnere på nyhende via RSS. Det vil ta nokre dagar før alle artiklar er samkjørt under felles blogg.
Bildet over viser regnboge over Falkhaug i Sandsbygda. I bakgrunnen ser du Sellandsnuten.
|
|
|
|
|