Det er mykje nytt i den digitale fotoverden. Dette er min lille testserie for såkalt timelapse: Eit par timar ved ei kvitveistue og Suldalslågen er gjort unna på nokre få sekund......
Viser eit nytt bilde frå Suldalslågen. Det er tatt like over Juvet, nedstrøms Kvamen. Svært vanskelege lysforhold gjorde at eg tok 5 ulike eksponeringar (+2 til -2EV). Kvar for seg var desse ubruklege. Dei blei difor sett saman til eit bilde med ein plugin (enfuse) i Lightroom. Og det blei betre....
Nikon D200, 10-20mm ved 12mm, 1/6 til 1/100 sek., f13, iso 100, stativ.
Dette bildet er og frå turen i Blåsjøområdet i september. Eg tok mange bilder av myrull i kveldsola men ingen av gruppebildene blei gode nok. For lik bakgrunn gjorde at myrullen nesten forsvann mellom steinane bak. Her har eg gått tettare på og prøvd å finne nok kontrast mot bakgrunnen. Eg har og auka kontrasten i etterbehandlinga.
Eg skulle nok ha blenda ner endå litt for å vise meir av myrullen til venstre..
1/30 sek, f/11, ISO 100. 100mm (40-150mm f3,5-4,5), polariseringsfilter
Dette er det andre bildet i serien frå Blåsjø. Det er tatt rett attmed det forrige to minutt tidlegare. Me kom over ein liten kant og gjekk rett mot desse steinane som stod og myste i kveldsola. Medan me gjekk ned mot dei prøvde eg å finne rett vinkel og høgde for bildet. Eg fann plassen og tok fleire bilder i både høgde- og breddeformat. Dette, som var det siste i serien, blei det beste. Her var heldigvis f/11 meir enn nok til at heile bildet vart skarpt.
Speglingen gjer heile bildet. Utan den dør det vekk. Graset og mosen er og viktige element for å skape kontrast i alt det gråe.
1/13 sek, f/11, ISO 100. 100mm (40-150 f3,5-4,5), polariseringsfilter.
Dei fleste bildene mine blir til på vegen. Ein fottur i fjellet blir fort til ein fototur i fjellet. Alt for ofte er tid mangelvare og eg overser ein ting på sjekklista. Eg vil legge ut nokre bilder frå ein sånn tur. Dei er tatt i Blåsjøområdet. Dette første er ein relativt enkel komposisjon. Dei andre kjem etter kvart.
Dette bildet liker eg særs godt. Kveldslys, vatn utan krusningar, dei små "øyane" jamnt plassert utover og sist men ikkje minst overgangen frå det mørke gjennomsiktige vatnet i forgrunnen til det lyse ugjennomtrengelige bakerst. Det er nok av ting å kvile auga på.
Men så var det dette med nesten då. Eg tok meg aldri tid til å sjekke skarpheten i bildet. Eg fokuserte på den næraste steinen og håpte at blender f/11 ville gjere heile bildet skarpt. Det vart det ikkje. Steinen til høgre er litt ute av fokus og den bakerste er heilt ute av fokus. Hadde eg tatt meg litt bedre tid og fokusert på steinen til høgre, hadde truleg bildet vore redda.
Men men, det er jo berre å ta turen opp igjen. Ein dag det er fint ver og ikkje snø. Ein dag, ein gong..
Å ta gode bilde av solnedgang er ikkje lett. Kor mange gonger har ein ikkje blitt skuffa når ein har fått lysbilda i retur frå laboratoriet. Heller ikkje dagens digitale kamera klarer å formidle solnedgangen slik me ser den, i alle fall ikkje om me ønskjer å få med landskapet i tillegg til den raude himmelen. Problemet er at kamera ikkje klarer den store kontrastforskjellen det er mellom landskap og den lyse himmelen. Ofte må ein då velje mellom 1) ein flott himmel/for mørk forgrunn, eller 2) for lys og kjedeleg himmel/flott landskap.
Ein (av fleire) metode for å løyse dette er å ta fleire like bilde (stativ), men med ulik eksponering. Det er dette eg har gjort med bildet frå Prostøl som eg tok for ei veke sidan. Bildet er satt saman av fem ulike eksponeringar (hdr) der den ”riktige” lyse himmelen er henta frå eit bilde, dei mørkaste områda i landskapet frå eit anna, og mellomtonar frå alle.