|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
fredag 09. juli 2010 11:57 |
|

Har vore ein tur i Kvanndalen. Ønskjer å laga eit bildespel/video som presenterer landskapsvernområde. Når den er klar veit eg ikkje, men manglar enno sentrale bilde. Turen denne gong starta med kano over Kvanndalsdammen, inn sjølve dalen og ut igjen på Svultanutskora, 3-400 meter over dalbotnen. Turen gjennom øvste del av dalen blei ei våt oppleving. I motsetnad kva meteorologane hadde varsla, opna alle himmelsluser seg slik at vassmengder i bekkar og elvar auka ganske mye. Ein fleip om at vasstanden ville auke så mykje i Kvanndalsdammen at kanoen ville reise på eige hand, viste seg å vere nærare sanning enn tull (kanoen låg å slo mot land, takk til pålandsvinden!). Området har ein flott og rik flora, særleg i Svultanutskora, men denne gong blei det med tur- og landskapsbilde, samt noen videosnuttar. Du ser noen av bilda her.



|
|
Kveldstur i Kvilldalsdalen |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
fredag 11. juni 2010 00:22 |
|
Sist søndag var eg ein tur til Kvilldalsdalen. Godt å komme seg ut igjen! At det var flott varmt ver gjorde heller ikkje noko. Som vanleg gjekk eg og surra, så eg kom meg aldri opp til Botnavatnet som eg hadde tenkt. Men turen var fin likevel den.

Kvitlyngen var godt i gang med bløminga.

Frå Eivindstølen

Parti av elva.

Fleire bilder i arkivet! |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Vidar Lunde
|
|
søndag 18. april 2010 00:18 |
|

Jeg fikk en henvendelse fra avdelingslederen om jeg kunne tenke meg å ta noen bilder av skolen fra lufta som de trengte i presentasjonen på nettsida. Den vidergående skolen har ei landsdekkende linje med volleyball, og som dermed har elever fra hele landet. Da er det viktig å ha en god presentasjon med bilder, slik at fremtidige elever kan få et positivt inntrykk av plassen. Tur med helikopter var allerede bestilt!

Vi var i lufta en vakker formiddag med flott vær og en vindstille fjord, dagen før vulkanen på Island begynte å sende sine støvskyer over Norge. Rundt idrettsplassen ligger skoleområdet med videregående, internat, barne og ungdomsskole og en idretsshall. Det er tjue minutts gange ned til Sand sentrum med ferjeleie og hurtigbåtterminal som ses i bakgrunnen på bildet over.

Etter en kort runde over idretssplassen og skoleområdet ble det en rask tur over Sand sentrum før vi var ferdig. Her ser vi også nedre del og utløpet av Suldalslågen til høyre i bildet.

Sentrum fra en annen vinkel. Suldalslågen med Sandsfossen nederst i bildet.
Til slutt et bilde innover Saudafjorden der Sauda ligger lengst inne mellom snødekte fjell. Det tar en halv time med hurtigbåt fra Sand til Sauda. Turen fra Sand til Stavanger tar snaut to timer med den samme hurtigbåten.

|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
torsdag 11. mars 2010 22:30 |

Naboen lagde ein snømann i hagen sin før jul. Den står enno. Det fortel noko om ein svært uvanleg vinter her på sørvestlandet. Men no er varmegradene her og meterologane seier det skal vare, snømannen går inn i sine siste dagar. Og båtfolket kan glede seg til ein båt fri for snø.....
Bilda er frå Sand båthamn og fotografert med Nikon D200, 17-55mm/2.8, iso 100, blendar 11 og ei eksponeringstid mellom 0,8 og 3 sekund.


|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
søndag 14. februar 2010 10:25 |
|
I think that I shall never see A poem lovely as a tree. A tree whose hungry mouth is prest Against the earth's sweet flowing breast; A tree that looks at God all day And lifts her leafy arms to pray; A tree that may in Summer wear A nest of robins in her hair; Upon whose bosom snow has lain; Who intimately lives with rain. Poems are made by fools like me, But only God can make a tree. ~Joyce Kilmer, "Trees," 1914

Olympus E-3, Olympus 12-60mm ved 17mm, f5,6, ISO100. 40 sekunders eksponering. |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
fredag 12. februar 2010 00:00 |
|
Eg trur det er rom for eit bilde til frå Jelsaturen. Liker du ikkje det blåe må du sjå vekk.
Samme Olympus E-3 , Olympus 12-60 ved 12mm, f11 og ISO100. 20 sek. 0.9 GND soft filter. Stativ.
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
søndag 07. februar 2010 22:20 |
|
Eg var ein tur til Jelsa i dag. Ein sånn der "du er nødt til å gå men er sikker på å ikkje få noko ut av det tur". Gråver både inni og utpå. Uinspirert rett og slett.
Då er det fint at naturen ikkje alltid lar meg vere i fred med sturinga. Litt etter litt dukka motiva opp. Ikkje noko revolusjonerande men meir enn nok til at eg gledde meg over kvart øyeblikk og gløymde tida heilt bort. Herleg!
Alle tre bilda er tatt med det nye graderte filteret mitt (Lee 100x150 0.9 soft), Olympus E-3 og Olympus 12-60 f2,8-4.0 (som eigentleg og er ny..). Stativ er og med.
13 sek, f11, ISO 100. 17mm

5 sek, f11, ISO100. 60mm.

132 sek (!), f11, ISO100. 14mm.

"Human vision is as much about mental processing as it is about collecting light" David Ward i Landscape within (2004) |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
fredag 29. januar 2010 00:00 |
|
Eg hadde ein flott tur til Stranddalen sist sommar. Fint ver, fantastisk vertskap, god mat og kjekke gjester gjorde denne turen til eit av høgdepunkta denne sommaren. Her er nokre bilder frå turen.
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
mandag 25. januar 2010 23:49 |
|
Vinteren til no har vore av det gode gamle slaget. Her er eit lite knippe bilder frå før og etter snøen kom.
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
mandag 11. januar 2010 00:49 |
|

Kulda viser igjen på bilda som blir tatt for tida. Frostrøyk, rimtunge trær, is og blåtime er ein fornøyelse å jobba med. Og ennå seier meterologane at vêret, og dermed landskapet, skal vere stabilt ennå ei god stund. Herleg. Bilda eg viser her er tatt dei siste dagane. Eg har nytta D200 med eit nytt objektiv, Nikkor 17-55mm/2.8. Dette ser ut til å bli min nye standardzoom, og så langt tyder det på å vere eit solid objektiv, både optisk og mekanisk.


|
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
onsdag 30. desember 2009 11:30 |

Det er ikkje berre 2010 som nærmar seg, fullmånen også. Bildet blei tatt i går med ein 100-300mm Sigma på 300mm. Det er nydelege dagar. Nyt det !
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Jarle Lunde
|
|
torsdag 24. desember 2009 13:28 |
|

Ønsker dere alle ei riktig god jul.
Nedanfor har eg lagt med to bilde tatt den siste veka. Det første er frå innosen ved Markosvatnet, det andre er frå Hjåvatnet, begge her i Suldal. Etter at bilda blei tatt er det kommet godt med nysnø og her er no ei flott julestemning. Det får ein prøve å fange med fotoapparatet i løpet av julehelga!


|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
tirsdag 27. oktober 2009 22:56 |
|
Av og til har ein skikkelig flaks. Etter at eg hadde tatt bildene av rognebæra og Månastølnuten kjørte eg vidare innover mot Blåsjø. Eg har lenge sett for meg eit bilde innover dalen frå litt oppe i høgden og denne kvelden fann eg ut at eg skulle forsøke.
Like ved brua over Ulla fann eg ein sti opp lia. Sidan det var seine kvelden måtte det bli ein kort tur. Eg fann ein nabbe med relativt god utsikt og tok nokre bilder før eg skulle til å gå ned igjen. Etter to steg gløtta eg innover dalen igjen og fann ut at månen var på veg opp. Fram igjen med utstyret i ein fei. Det vart ein god del bilder før månen forsvann bak skyene og det blei mørkt. Altfor mørkt... Heldigvis kom eg meg ned att utan dei store uhella.

Bilder der månen er ein dominerande del av landskapet er ikkje så lette å ta. Dette er eit HDR bilde frå ein eksponering + at eg har lagt på ein måne som ikkje er heilt utbrent over den originale. Bilde to er ein Vanleg eksponering men eg har igjen lagt på ein "ny" måne.
Teknisk er det som vanlig Olympus E-3 med for anledningen en 40-150mm mk1. Bilde 1: 68 mm, f5,6, ISO100, 6 sek lukkertid. Bilde 2: 150 mm, f5,6, 2 sek lukkertid. Beskjært.

Når det gjeld bildet innover dalen er eg ikkje heilt nøgd med posisjonen. Eg må nok oppover til våren igjen... |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrevet av Kjetil Brekke
|
|
søndag 18. oktober 2009 00:00 |
|
Utforskinga av Eidsvika fortsetter. I går dumpa eg borti ein liten bekk kor dette bildet låg og venta. Kan hende at lauvet på den framste steinen ikkje låg der men elles var det vel omtrent slik...
Teknisk: E-3 med 11-22mm ved 14mm, 6 sek lukkartid, f11, ISO100, polarfilter og stativ. Beskjært oppe og til høgre.
 |
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 5 |