SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Suldal i bilde - Fullmåne
Fullmåne
Suldal i bilde
Skrevet av Kjetil Brekke   
tirsdag 27. oktober 2009 22:56

Av og til har ein skikkelig flaks. Etter at eg hadde tatt bildene av rognebæra og Månastølnuten kjørte eg vidare innover mot Blåsjø. Eg har lenge sett for meg eit bilde innover dalen frå litt oppe i høgden og denne kvelden fann eg ut at eg skulle forsøke.

Like ved brua over Ulla fann eg ein sti opp lia. Sidan det var seine kvelden måtte det bli ein kort tur. Eg fann ein nabbe med relativt god utsikt og tok nokre bilder før eg skulle til å gå ned igjen. Etter to steg gløtta eg innover dalen igjen og fann ut at månen var på veg opp. Fram igjen med utstyret i ein fei. Det vart ein god del bilder før månen forsvann bak skyene og det blei mørkt. Altfor mørkt... Heldigvis kom eg meg ned att utan dei store uhella.

Fullmåne over Ulla

Bilder der månen er ein dominerande del av landskapet er ikkje så lette å ta. Dette er eit HDR bilde frå ein eksponering + at eg har lagt på ein måne som ikkje er heilt utbrent over den originale. Bilde to er ein Vanleg eksponering men eg har igjen lagt på ein "ny" måne.

Teknisk er det som vanlig Olympus E-3 med for anledningen en 40-150mm mk1. Bilde 1: 68 mm, f5,6, ISO100, 6 sek lukkertid. Bilde 2: 150 mm, f5,6, 2 sek lukkertid. Beskjært.

Fullmåne

Når det gjeld bildet innover dalen er eg ikkje heilt nøgd med posisjonen. Eg må nok oppover til våren igjen...

 

1 Comment

  1. Vanvittige flotte bilder du tar. Det må være så inspirerende å jobbe slik. Fantastisk at du deler det med oss andre. Ser at dere er har et genuint engasjement på denne bloggen rundt norsk natur og historie. Vi har laget et nettspill hvor folk kan få testet sin lokalkunnskap. I den forbindelse er vi blant annet på utkikk etter disse kvalitetene, slik at vi kan fylle på med spørsmål i spillet, og lære folk om lokalmiljøene. Har dere noen tips til steder, landemerker eller liknende som vi kunne lagt inn i spillet vårt på http://dittdistrikt-spillet.no?

Add Comment