Vekas bilde 6/12: På ski

Dette bilde er teke på slutten av 80-talet. Den gong var det Olympus OM2 og Fujicrome (dias) som alltid var med på tur. Motivet er frå Skaulenområdet, eller rettare: Kaldavatnet nord for Hylsfjorden. Vêret er ein favoritt, solglimt og mørke bygeskyer.
Det er ikkje så mange av bilda mine frå denne tida som eg framleis meinar held mål. Dette er eit av dei.






























