Heilt enkelt

Er dette eit bra bilde?
Etter å ha vist det til ein gjeng fotoentusiastar i Sauda fotoklubb, kan eg iallfall seie at det vil ikkje alle vere einige i. Eg meinar det er det. Kvifor? Minimalisme er stikkordet. Bildet er ribba for detaljar. Det var både hytter, trær og til med gjerdestolpar i nærleiken. I bilde lykkast det å vise essensen: Det fortel om ein gjeng som er på skitur på fjellet, det er mykje vêr og sikten er dårleg... Komposisjonen med å leggje hovudmotivet nede i venstre hjørne understrekar dette og gir eit spennande uttrykk.






























