SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Heim - Vidar Lunde - Artikler
Artikler
Orreleik - eit av vårens vakre eventyr
Skrevet av Vidar Lunde   
onsdag 21. mai 2008 22:12

img_2592.jpg Det er merkeleg med desse vårnettene i friluft. Ein søv så lett, og vaknar av den minste lyd. Det er kan hende spaninga som sit i kroppen. Då eg vaknar og ser på klokka, viser ho halv fire. Det var vengesus og lydar frå orrane eg høyrde. Eg vrir meg forsiktig over på magen, og kikkar ut gjennom den opne gluggen i teltet. Det er framleis for mørkt til å sjå kva som skjer, men eg høyrer. Fleire orrhanar har kome til leikplassen, og nå sit dei og ”sjoar” til kvarandre. ”Tsjoo-yssjj” lyder det frå ein, og ein annan svarer på same vis. Etter ei stund med sjoing, kjem den første forsiktige buldringa. Dei andre hanane følgjer etter, og snart er leiken i gong!
Les mer …
 
Det biologiske mangfaldet
Skrevet av Vidar Lunde   
onsdag 16. april 2008 23:24
950.jpg
Gjennom historia har det vært fleire masseutryddingar av arter på landjorda vår, og den siste var for 65 millionar år sidan. Då forsvann dinosaurane, og meir enn halvparten av alle artane døydde ut som følgje av klimaendringar etter eit asteroidenedslag. Etter det har talet på arter variert, og det har heile tida vore noen som har tilpassa seg forholda betre enn andre etter kvart som miljøet har forandra seg.
Les mer …
 
For mye hjort?
Skrevet av Vidar Lunde   
fredag 21. mars 2008 00:54
94-063-07.jpg

Det er ikkje så ofte å sjå hjort på turar i skog og mark, så ein vil kanskje undrast over spørsmålet i overskrifta. Men hjorten har svært gode sansar og vil oftast oppdage eit menneske lenge før me oppdagar dei, og vil då gøyme seg vekk i skogen. Mye tyder likevel på at grensa er nådd og at det nå er nok hjort!


Les mer …
 
Rovfuglar i vinterskog
Skrevet av Vidar Lunde   
mandag 18. februar 2008 23:42
crw_3015.jpg
På denne tid av året er det langt mellom kvar gong ein treff på fuglar i skog og fjell, og endå lenger mellom kvar gong ein ser ein rovfugl. Men så lenge det er mat tilgjengeleg i form av mindre fuglar og dyr, vil det også være rovfugl til stades. Dei er berre så få, og dei gøymer seg godt.
 
Les mer …