SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Heim - Vidar Lunde - Artikler - Rovfuglar i vinterskog
Rovfuglar i vinterskog
Skrevet av Vidar Lunde   
mandag 18. februar 2008 23:42
crw_3015.jpg
På denne tid av året er det langt mellom kvar gong ein treff på fuglar i skog og fjell, og endå lenger mellom kvar gong ein ser ein rovfugl. Men så lenge det er mat tilgjengeleg i form av mindre fuglar og dyr, vil det også være rovfugl til stades. Dei er berre så få, og dei gøymer seg godt.
 
Det er fem artar av rovfugl som er i Suldal kommune gjennom heile vinteren. Det er jaktfalk, kongeørn, havørn, hønsehauk og sporvehauk. Jaktfalken er spesialisten blant dei, og han jaktar gjerne på rype gjennom heile året. Derfor held han seg mest i fjellet, medan ungfuglane kan trekkje ut mot kysten og jakte på sjøfuglar om vinteren. Det har vore minimum tre par som har hekka i Suldal, men bestanden er i nedgang på landsbasis og arten er oppført som nær trua (NT) på den norske raudlista.
            Kongeørna er òg knytt til fjellet, men jaktar like gjerne i skogen og kan trekkje heilt ned til sjøkanten. Det er ein stor fugl med over to meter i vengespenn og med svært gode jakteigenskapar.


Den unge kongeørna i flukt. Dei kvite flekkane fortel at denne fuglen er eit eller to år gamal.

Matsetelen består av eit stort spekter av artar frå småvilt til større dyr som rev og kalvar av hjortedyr. Om vinteren går dei likevel ofte på åtsel, og særleg er ungfuglane mogleg å lokke ned på utlagt åte. På ein gunstig plass har eg lagt ut trafikkdrepne rådyr for å fotografere dei sky og forsiktige rovfuglane som måtte komme. Kongeørna er svært forsiktig, og kom til og begynne med berre nedpå i skumringa. Seinare har fleire kongeørner kome midt i dagen og dei har noen gonger kome samtidig. Då har det hendt at dei har gått til åtak på kvarandre for å behalde maten i fred.
            Det ser ut til å vera ein stabil bestand av kongeørn i Suldal, men arten står på den norske raudlista som nær trua (NT). Det som truar mest er akkumulering av giftstoff som bly, kvikksølv og PCB, tekniske inngrep og menneskeleg aktivitet i hekkeområda.
Ringmerka fuglar
Havørna er enda større enn kongeørna, og ei gamal havørn kan være meir enn to og ein halv meter mellom vengespissane. Likevel er det kongeørna som bestemmer om begge artane skulle kome over same åte. Ein gong var ei gamal havørn på rådyret då det kom ei ung og aggressiv kongeørn. Havørna flaug og sette seg i ein tretopp og venta til kongeørna var ferdig å ete!


Den unge kongeørna var mest aggressiv og jaga bort den vaksne havørna frå det daude rådyret. At det er ei gamal havørn i bakgrunnen ser ein på det gule nebbet.
 
            Utviklinga av havørnbestanden er ei solskinshistorie. Frå å være omkring 400 par tidleg på 70-talet, har talet nå auka til omlag 3500 par i Norge! Utbredinga var den gong bare i nord, men er komen stadig lengre søretter. Truleg kom havørna tilbake til Ryfylke seint på 80- eller tidleg på 90-talet. I dag er det minst fem par som hekkar i Suldal kommune. Alle reira blir nøye overvaka, og nesten alle ungane som veks opp får ring på foten. Dette er farga ringar med store tal som er mogleg å lese dersom ein får studert fuglen i teleskop, eller om ein får tatt bilete av fuglen på nært hald. Såleis kjenner me til noen av vandringane som fuglane gjer, og kor dei finn sitt nye revir. I Hylsfjorden held det til eit par som begge er ringmerka. Den eine vart merka som unge i Jøsenfjorden, og den andre i Sognefjorden! Denne vinteren har det halde seg ein ringmerka ungfugl i Erfjord. Denne fuglen vart merka som unge i Yrkesfjorden i 2006, og det er TV-kjendisen ”Scotty” som er ein av foreldra. Scotty var ein norsk havørnunge som vart frakta til Skottland for mange år sidan. Seinare vandra han tilbake til gammelandet og slo seg til i Yrkesfjorden, der han har fått fram fleire ungar. 







Denne ringmerka havørna er to år gamal og har halde seg i Erfjord denne vinteren. Ho er mørkare og meir spetta i fjørdrakta enn dei vaksne fuglane. I tillegg er nebbet framleis mørkt.

Sjølv om havørna går ein del på åte om vinteren, er det fisk og sjøfuglar som er den mest vanlege føda. Eg har sett at havørna har jakta på svartbak, men trass mange forsøk klarte ikkje havørna den gong å ta den store måka. Aller helst fangar han fisk i overflata, og om du hiv ut daud fisk som flyt, kan havørna kome ganske nær båten du sit i. Det er ikkje uvanleg å sjå havørn på fjorden og over sentrum på Sand, men den tar gjerne ein tur langs lågen og opp til Suldalsvatnet, og det hender også at den tar seg ein tur på fjellet for å leite opp daude dyr.
 








Vaksen havørn er lysare i fjørdrakta enn dei unge fuglane. I tillegg er nebbet heilt gult og halefjøra kvite.


Balanse i økosystemet
Sporvehauk og hønsehauk vil som alle andre prøve å skaffe seg mat der den er mest tilgjengeleg, og vil derfor ofte ta turen innom ein fôringsplass for småfugl i meir urbane strok om vinteren. Dei kjem som lyn frå klar himmel og spreier panikk blant småfuglane som stuper inn i tette busker der hauken ikkje kan følgje etter. Dei som er litt seint ute risikerer å miste livet. Vanlegvis må hauken gjere mange forsøk før den endeleg klarer å ta ein småfugl. Likevel er det ei dagleg hending og ei fantastisk naturoppleving å sjå hauken i aksjon. Om sommaren har dei nok å jakte på i skogen. Begge artane lever stort sett av andre fuglar, men hønsehauken tar også ekorn og hare i tillegg til større fuglar som kråker, duer og hønsefugl. I Suldal er begge artane vanlege, men hønsehauken står på raudlista som sårbar (VU), og er i nedgang på landsbasis. Det intensive skogbruket er ein av dei største truslane.
 







Vaksen hønsehauk har funne fram til ein trafikkdrepen hare. Hønsehauken held til i gamal skog og jaktar på fuglar og dyr opp til hare-størrelse.
  
Mange av rovfuglane vart freda i 1968 og dei siste i 1972, men framleis meiner noen at fuglar med krumt nebb og skarpe klør burde skytast. Dei tek matnyttig vilt, og kongeørna kan til og med ta lam! Heldigvis forstår dei fleste at også rovviltet har sin plass i økosystemet. Alle artane lev i balanse med kvarandre og alle har like stor verdi. Det kan likevel aldri verta meir rovfugl enn at det er mat nok til dei.

Trykket i Suldalsposten 13.2.2008