SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Heim - Vidar Lunde - Artikler - For mye hjort?
For mye hjort?
Skrevet av Vidar Lunde   
fredag 21. mars 2008 00:54
94-063-07.jpg

Det er ikkje så ofte å sjå hjort på turar i skog og mark, så ein vil kanskje undrast over spørsmålet i overskrifta. Men hjorten har svært gode sansar og vil oftast oppdage eit menneske lenge før me oppdagar dei, og vil då gøyme seg vekk i skogen. Mye tyder likevel på at grensa er nådd og at det nå er nok hjort!


Kolle og kalv fotografert ved Vela.

Det vart felt 277 hjortar i Suldal kommune hausten 2007, noe som var fem mindre enn i 2006. Toppåret var 2004 då det vart felt 296 dyr, med ein fellingsprosent på 55. Dei tre siste åra har fellingsprosenten vært så vidt over 50. Ein reknar med at ein tar ut 15-20% av bestanden ved vanleg jakt. Det betyr at det var omlag 1400-1850 hjort i Suldal kommune før jakta starta i haust. Kan det vere for mange?

Forskarane har følgt med på vektutviklinga i hjortebestanden i mange år. Den varierar med vêret, og den høgaste slaktevekta får ein om sommaren har vore fuktig og kjølig. Likevel har vekta gått jamt nedover, og då må ein leita etter andre årsaker enn variasjon i vêret. Ein skulle tru at det om sommaren var overflod av mat, men med aukande bestandar blir det større konkurranse om dei gode matplantene. Dyra er mye mindre i dag enn det dei var for tjue år sidan.











Med stor bestand vil det bli konkurranse om maten, og då veks ikkje dyra så fort. Denne litle bukken er fotografert i Skorpeheia ovanfor Mork.

Trongt om plassen
I mange år har eg køyrd ei fast rute for å telje hjort på innmark om våren. Frå normalt å vere opptil ti dyr på eit jorde, har det dei siste åra vært både 20 og 30 dyr på det same jordet. Der ekrene er grøne, kan hjorten beite på innmarka det meste av vinteren. Det er likevel i mars og april det er mest dyr å sjå, og på denne tida kan dei også beite medan det endå er lyst. Då er det muleg for alle å sjå hjort frå bilen, men stansar du og går ut av bilen, vil hjorten straks forsvinne. Med så mange dyr på innmarka vil mange bønder miste mye av avlinga si.
        Om vinteren vil hjorten samle seg i områder føretrinnsvis langs kysten der det er mindre snø. I Suldal kommune vil det seie på halvøynå, Jelsa og i Fatnesområdet i Hylsfjorden. Her kan det noen stader være så nedbeita i terrenget at lyngen berre er noen centimeter høg. Dette vil gjere at lyngen produserar antibeitestoff på det jamne, slik at forholda blir dårlege for andre dyr som også beiter på lyngen, til eksempel hønsefuglar, hare og smågnagarar. Då vil også rovfuglar som lev av desse artane få problem, og det biologiske mangfaldet vil minka. Normalt vil lyngen, og då særleg blåbærlyngen, slutte å produsere antibeitestoff i periodar han ikkje blir beita på, for så å heller produsere blomar og bær. Dette vil då gje grunnlag for ein auka produksjon av ungar hos smågnagagerar og hønsefuglar. Dette kan såleis føre til det me kjenner som smågnagarår. Den store bestanden av hjortedyr dei siste tiåra kan altså vere ein av årsakene til at det har vært så langt mellom gode år for smågnagarar og anna småvilt. 













Om vinteren samlast mange dyr i område med lite snø, og lyngen blir då hardt beita på. Kolle i vinterlandskap på Jelsa.


I innlandet om vinteren

Med den aukande hjortestamma er det ikkje lenger berre ved kysten at det er hjort om vinteren. Dei seinaste åra har fleire dyr blitt ståande igjen i Kvilldal, Hamrabø, Roaldkvam og i Brattlandsdalen. Jamvel i snøhola Røldal er det fleire dyr igjen om vinteren. For ein dyreart med små klauver i forhold til vekta blir det eit stort problem med mye snø. Derfor har hjorten gjennom alle år hatt ei vandring frå sommarbeite inne i landet og opp mot fjellet, til vinterbeite i snøfattige områder langs kysten. Det er derfor unormalt at fleire hjortar blir verande så langt inne i landet om vinteren. For gaupa er jo dette positivt, men ein aukande gaupebestand vil truleg ikkje være så populært hos sauebønder.

Alle desse faktorane; lågare slaktevekt, for mange dyr på innmarka om våren, nedbeita lyngområde og mange dyr langt inne i landet om vinteren, tyder på at hjortestamma er i ferd med å verta for stor. Ein aukande bestand vil også gje fleire trafikkulykker, og det er allereie registrert fire ulykker med hjortepåkjørslar dette året.

Kan hende er det endå rom for auke i hjortebestanden. Men dersom han passerar beregrensa, vil det kunna ta lang tid for vegetasjonen å vekse seg sterk att. Derfor vil det vere lurt å halde bestanden langt under denne beregrensa, og truleg ville det vere fornuftig å halvere bestanden. Då ville ein få betre forhold for det biologsike mangfaldet, auka slaktevekt på hjorten, betre avlingar for bonden og truleg færre påkjørslar. Hjortebestanden ville ganske fort auke igjen, og då veit me at det er mye å gå på før beregrensa blir nådd!


Det er store dyr med imponerande gevir me helst vil ha i naturen vår. Denne bukken er fotografert i lia ovanfor Foss.

Trykket i Suldalsposten 12.mars 2008