 |
Det er merkeleg med desse vårnettene i friluft. Ein søv så lett, og vaknar av den minste lyd. Det er kan hende spaninga som sit i kroppen. Då eg vaknar og ser på klokka, viser ho halv fire. Det var vengesus og lydar frå orrane eg høyrde. Eg vrir meg forsiktig over på magen, og kikkar ut gjennom den opne gluggen i teltet. Det er framleis for mørkt til å sjå kva som skjer, men eg høyrer. Fleire orrhanar har kome til leikplassen, og nå sit dei og ”sjoar” til kvarandre. ”Tsjoo-yssjj” lyder det frå ein, og ein annan svarer på same vis. Etter ei stund med sjoing, kjem den første forsiktige buldringa. Dei andre hanane følgjer etter, og snart er leiken i gong! |
 |
Når orrhanen kjem til leiken startar han med å blåse ut gjennom opent nebb. Det lyder som ”tsjoo-yssjj”, og dette vil han gjenta med ujamne mellomrom heile den tida han er på leiken.
|
Det er eit fascinerande skodespill eg får vere med på. Dei store, blåsvarte hønsefuglane har ein kritkvit lyreforma stjert som står rett opp, og blodraude kammar over kvart auge. Med ein buldrande ”song” glir dei fram og tilbake over myra. Kjem dei for nær kvarandre, kan det verta kamp. Dette er sjeldan noe alvorleg, berre litt skuggeboksing fram og tilbake. Men det hender at ei og anna fjør blir rive av.
 |
Orrhanane har sine revir på leiken, og det er viktig å passe på at dei andre hanane ikkje kjem over denne grensa. Her har to hanar ein grensetvist som for det meste dreiar seg om skuggeboksing.
|
Vanleg telt som kamuflasje
Orreleik er ei årleg hending som må opplevast. Riktig nok kan orrhanen buldra noen strofer til alle årstider, men i april-mai kjem hønene på leiken, og då er spelet på sitt beste. På denne tida er orrfuglane også mest utsett for forstyrringar. Ein må derfor vera varsam og bruka ein form for kamuflasje, men eit vanleg telt gjer god nytte. Orrfuglane er ikkje så nøye på slike ting, men dei er særs merksame på rørsler i terrenget. For å vere sikker på å unngå forstyrringar, kan ein gjerne vente til høneveka er ferdig litt ut i mai. Då vil ein også få meir behageleg nattetemperatur. Orrhanane vil samlast på leiken kvar morgon til langt ut i juni før det dabbar av. Ofte vil dei også spele litt om kvelden, men då berre for ein kort periode, og gjerne så seint at det er blitt ganske mørkt.
 |
God kamuflasje på orreleik er eit vanleg telt. Hanane bryr seg ikkje om dette, men vil vere svært merksame på rørsler i terrenget.
|
Orrfuglane trives best i fjellbjørkeskogen. Der samlar hanane seg på store myrer eller opne knausar, og lager buldrande lydar som kan høyrast fleire kilometer borte. Ein leik samlar frå to-tre hanar og opptil tjue på dei beste plassane. Meir enn ti orrhanar på same stad er heller sjeldan i Suldal i dag, men i gode år er det framleis mogleg å oppleva slike gode leikar. Orrfuglane får meir og meir konkurranse om plassen der dei trivs best, for me bygger stadig fleire hytter i desse områda. Og hyttebyar og rikt fugleliv med mange orrfuglar går ikkje godt saman.
Rovfugl på besøk
Etter å ha spela samanhengande i over to timar, lettar dei åtte orrhanane som held til på ”min” leik. Dei flyr ikkje langt. Eg kan fjølge dei i kikkerten, og ser at dei slår seg til i ei bjørk eit stykke borte. Det er tid for mat!
Det er viktig å ikkje gå ut av kamuflasjen når dette skjer, for det er ikkje slutt. Etter eit lite kvarter kjem dei brått attende, og det er fullt spel igjen. No vert det også stadig betre lys for fotografering, og det vert mange bilete. Hanane reagerer ikkje på kameraklikka sjølv om dei noen gonger kjem svært nære teltet.
Sola står høgt på himmelen då orrhanane brått lettar samtidig. Alle flyr same vegen og eg registrerer så vidt ein brun skugge som følgjer over myra. Kongeørna er alt for sein og klarer ikkje å ta noen av dei. I staden stansar ho opp og set seg på ein stor stein på den andre sida av myra. Det er ikkje ofte ein ser rovfugl på jakt, men her er det mange orrhanar, og då er det naturleg å prøve seg.
Ikkje alle er like glad i ørna. Noen meiner at ho saman med anna rovvilt er årsak til dei låge bestandane av hare og hønsefuglar. Men her må me nok ta mye av skulda sjølv. Hyttebygging er allereie nemnt; høgspentliner, biltrafikk og miljøgifter er andre årsaker til at det ikkje lenger er like mye småvilt i skog og fjell.
 |
Når orreleiken kan høyrast på fleire kilometers avstand, er det den buldrande lyden me høyrer. Då har hanen denne stillinga med lukka nebb. |
Ny førestilling i morgon
Ørna gjorde ein brå slutt på leiken i dag. Spelmyra ligg tom attende. Berre fjør og fugleskit vitnar om det som har skjedd. Men neste morgon vil alt bli som før. Då vil orrhanane samla seg til nytt spel, og kjempa om retten til å føra slekta vidare. Fjøra vil bruse, og orrebulderet vil igjen ljome over myrane.
Eit av vårens vakre eventyr. |